Digitaliseum

«Me må digitalisere!», seier alle. Men kva betyr eigentleg det? 

«Me må digitalisere!», seier alle. Men kva betyr eigentleg det? Foto: Tidvis

– Det viktige å hugse er at digitaliseringa er ein infrastruktur til å formidle og spreie kunnskap på. Det er ikkje vits å digitalisere berre for å digitalisere.

Det er 1798, og Ragnhild Hutchison står midt i Oslo hamn. Det no signalgule bygget der Fred. Olsen held kontor, er kvitt og har nokre ganske andre omgjevnadar enn bussar og trafikklys i Oslo sentrum.
– Ser eg rundt meg, veit eg kven som bur i alle husa, og eg kan gisse meg til kva dei åt til frukost på ein vanleg onsdag som i dag, seier Ragnhild Hutchison.

Frå skipslister til virtuell verkelegheit

Ho er kvinna bak prosjektet Oslo Havn 1798, historikar og formidlingsnerd. Det er ikkje ei overdriving å påstå at ho nok veit mest i Noreg om korleis hamna i Oslo såg ut for 220 år sidan. Og tidsmaskina hennar er altså ei nettside, eit par VR-briller og eit enormt digitaliseringsprosjekt.
– Eg har brukt dei siste 7 åra på å fordjupe meg i data og å digitalisere informasjonen, før me no har laga ulike verkemiddel for å kunne formidle den kunnskapen, seier ho.

«Me» her er selskapet Tidvis, som skapar formidlingsprosjekt av kunnskap, fleire av dei i samarbeid med ulike museum.

«Oslo havn 1798» er eitt av dei. Den siste delen av prosjektet er eit kart over hamna med små QR-kodar og markørar for augmented (utvida) reality ein kan lese av med mobilen for å få informasjon og å sjå illustrasjonar i 3D på sjølve kartet.
– Noko av teknologien me har brukt til dette, fanst ikkje for eit halvt år sidan. Det seier litt om kor fort utviklinga går, seier Hutchison.

Men for å kunne skape noko slikt som eit interaktivt kart eller ein VR-versjon av hamna i Oslo, måtte det altså år med plotting av data til.
– Dette er visualiseringa av at me har puncha inn skipslister, branntakstar og liknande som Riksarkivet har skanna. Ting må digitaliserast på ein måte som gjer det tilgjengeleg. Så kan ein bruke det til å skape eit narrativ og kuratere ei formidlingsoppleving, seier ho.

Det nye museet?

Det er nesten uendeleg kva moglegheiter digitalisering og teknologi kan ha for museumsformidlinga. Men er musea med på dansen?

I Riksrevisjonen sin rapport om digitalisering i musea frå i fjor, fekk både musea og Kulturdepartementet stryk for framdrifta i digitaliseringsarbeidet. I spørjeundersøkinga som blei gjort i musea om årsakene til at digitaliseringsarbeidet ikkje var kome lenger, var det for lite ressursar og for låg prioritering flest peikte på. I tillegg svara heile 25 prosent at det digitaliseringsarbeidet som allereie var gjort var av så dårleg kvalitet at det måtte gjerast på ny.

Og i tillegg til at det er bestemt av regjeringa, er ekspertane einige om at digitaliserte samlingar er ein avgjerande grunnstein for å kunne utnytte det som fins av moglegheiter til å formidle dei.

Under seminaret «Når algoritmene inntar museene» på Nobels Fredssenter i midten av september, blei både moglegheiter og fallgruver i digitaliseringa diskutert. Men eitt bodskap gjekk igjen frå dei forskjellige føredragshaldarane (som stort sett ikkje kom frå musea), og det var å fokusere på mål og kvalitet i digitaliseringsarbeidet. Vellukka digitalisering er ikkje å bytte ut museumsplakatane med skjerm, det er noko meir.

Frå salen og museumsfolka under seminaret var det også noko som gjekk igjen, nemleg korleis ein som museum skal kunne satse på digitalisering på ein økonomisk bærekraftig måte. Korleis tene pengar på VR, MR, AR og nyskapande applikasjonar? Og korleis få pengar til prosjekta?

Selfie-museum

FORMIDLINGSFORSKAR: Palmyre Pierroux er professor ved Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo
FORMIDLINGSFORSKAR: Palmyre Pierroux er professor ved Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo

– Ein kan ikkje unngå å digitalisere. Det er ikkje noko nytt å formidle på forskjellige måtar og med forskjellige verktøy. Det bygger vidare på den praksisen og kunnskapen som allereie er på musea, det er det som er interessant å utfordre dei på, seier Palmyre Pierroux.

Ho er professor ved institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo og prosjektleiar for Cultural Heritage Mediascape, som mellom anna ser på korleis digitalisering ved musea påverkar korleis besøkande opplever det.
– Ein må forholde seg til at verda i dag er digital. Me kommuniserer gjennom digitale medium. Besøkande har med digitale dingsar, som dei helst vil bruke også i musea, seier ho.

Og det er skilnad på korleis musea stiller seg til den utviklinga. Medan somme tek imot formidlingspotensialet som ligg i digitale dingsar med opne armar, er det andre som framleis prøver å stritte imot.
– Det er framleis nokre stader der ein gammal tankegang om kva som er forstyrrande sit att. Ta til dømes selfies, seier Pierroux.

Å ta bilete var for ikkje lenge sidan helt forbode, og fleire plassar har dei prøvd å forby å ta selfies, fordi det skaper forstyrring og  ting stoppar opp.
– Det er stadig nye måtar å oppføre seg på i museet grunna teknologien, og det overraskar og utfordrar museumspraksis. Men i studia våre har me faktisk funne ut at posering og fotografering kan skape djupare engasjement i sjølve kunstverka,  fortset Pierroux.

På den andre sida har du musea som omfamnar selfie-kulturen og alt den inneber. Forsiktige døme er prosjekt som «I Munchs verden» på Nasjonalgalleriet allereie i 2011, som også var ein del av forskingsprosjektet til Pierroux. Der kunne ein sjå på Edvard Munch sine forskjellige sjølvportrett samstundes som ein kunne etterlikne poseringa hans og ta bilete av seg sjølv framfor ein spegel.

No har museumsverda gått langt lenger. Heile to eigne selfie-museum opnar i haust, i Malaysia og i Los Angeles. Dei skal både fortelje historia bak selfien, men også gje besøkande tallause moglegheiter til å ta spennande selfies.

Selfie-venlege museum lokkar besøkande. Eit godt eksempel er utstillingane (og kunstverka) til Yayoi Kusama, få norske utstillingar kan kanskje skilte med like mange profilbilete som Hymn of Life på Henie Onstad Kunstsenter. Kusamautstillingar verda over er enormt populære, på High Museum i Atlanta tilset dei over 50 ekstrahjelper for å vere klare til å ta imot dei 140 000 besøkande dei ventar til si utstilling av den japanske kunstnaren. Kan det tenkast at kunstverk som Infinty-room, Obliteration-room og heile landskap med prikkar – alle svært fotovenlege – har noko med populariteten å gjere? For ikkje å nemne at selfie-museet i Los Angeles tek 200 kroner i inngangspengar, og har ventelister ein månad før dei opnar.

Omslutta

Men ordet digitalisering rommar også såkalla immersive utstillinga. Immersive – altomsluttande på godt norsk, eit trend-ord i utstillingar verda over. I Tokyo har akkurat Digital Arts Museum opna, og i løpet av sommaren har 650 000 besøkarar på Atelier de Lumièrs i Paris sett utstillinga der ein går inn i verka til Friedensreich Hundertwasser og Gustav Klimt. I det som utanom opningstidene er eit ganske tomt varehus-liknande rom, sørger prosjektorar og teknologi for at alle overflater er dekte med ein digital og dynamisk versjon av bileta. Liknande prosjekt poppar opp over ein låg sko.

DIGITALT: Frå det nyopna Digital Arts Museum i Tokyo. Foto: teamlab
DIGITALT: Frå det nyopna Digital Arts Museum i Tokyo. Foto: teamlab
INNHYLLA: På Atelier des Lumièrs i Paris kan ein oppleve å vere innhylla i eit digitalt verk av Friedensreich Hundertwasser, som saman med verk av Gustav Klimt fyller eit galleri på 2000 kvadratmeter. Foto: Mamasuco/Flickr
INNHYLLA: På Atelier des Lumièrs i Paris kan ein oppleve å vere innhylla i eit digitalt verk av Friedensreich Hundertwasser, som saman med verk av Gustav Klimt fyller eit galleri på 2000 kvadratmeter. Foto: Mamasuco/Flickr

 

– Digitale medium er ikkje berre éin ting. Moglegheitene og potensialet er enormt, og dei fleste musea er positive til utviklinga. Men kanskje usikre på kva kompetanse som trengs, og difor endar dei kanskje med å investere i noko som er vanskeleg å støtte i praksis, seier Pierroux.

Gjennom forskingsprosjektet ho leiar, har universitetet vore involvert i fleire utstillingar. Mellom anna den eksperimentelle utstillinga «Skogen i huset» på Norsk Arkitekturmuseum saman med kurator Birgitte Sauge og arkitektfirmaet Atelier Oslo. Her gjekk ein inn i eit virtuelt bygg, med VR-briller på for å kunne utforske korleis det relaterte til naturen. Under opplevinga hadde ein med seg ein partner som ikkje hadde VR-briller på, men som kunne følge med på ein skjerm.

– Det me er opptekne av, og som me ser i prosjekt som dette, er at digitale medium skapar nye tolkingsmoglegheiter og gjer opplevinga av utstillingar meir sosiale, folk får noko å snakke om og dei kan ofte ta meir aktivt del i utstillingane, seier Pierroux. Ho meiner det er ekstremt viktig å undersøke publikum si oppleving av utstillingar og verkemiddel undervegs for å finne ut kva som fungerer og ikkje når ein prøver ut nye verkemiddel.

– Må teste

– Det er ein aukande trend der musea heller brukar ressursar på å teste formidlingsideane med prototypar enn å leige inn konsulentar eller andre til å sei korleis ting bør vere. Ein har workshops eller såkalla labs, og ser på korleis folk responderer, seier Pierroux.

Prosjektet på arkitekturmuseet var eit prøveprosjekt der ein let folk teste utstillinga, før ein undersøkte korleis dei responderte. 300 besøkande svarte på korleis dei opplevde utstillinga, kva som fungerte og kva som ikkje gjorde det. 40 av dei deltok også i ei studie der videoopptak blei brukt til å analysere opplevinga på ein måte ein ikkje kan fange opp i ei spørjeundersøking.

– Tilbakemeldingane var overveldande positive, og folk fekk kjensla av å oppleve arkitekturen på ein heilt ny måte. Arkitektar jobbar jo veldig digitalt og interaktivt, medan arkitekturmuseum oftast viser fram statiske modellar og teikningar, og mister heile det digitale aspektet. Det var utgangspunktet vårt her,  seier Pierroux.

– Gjennom forskinga på ulike digitale formidlingsmetodar – og utviklinga av dei – har dei sett kor viktig det er at ein tenker målretta om digitaliseringa, seier ho.

– Musea har mykje kunnskap om formidling og kommunisering, og dei må bruke den også når dei designar digitale hjelpemiddel. Dei burde gjere meir testing og evaluering,  det er mange hypotesar som ikkje er utprøvd. Med auka satsing på dette,  må ein også tenke på korleis ein skal engasjere publikum, fortel ho.

– Og om ein ser inn i framtida?

– Eg trur me kjem til å slutte med alt det tunge utstyret som me starta med, seier Pierroux.
Ho trur det vert mindre påtrengande teknologi i musea som digitaliserer framover.

– Eg trur det vert meir usynleg teknologi, liknande Google glasses til dømes, der det er meir subtilt og innebygd. Ein sluttar ikkje med utstillingsobjekt i musea, men kanskje vert digitale verkemiddel ein meir saumlaus del av dei.

Framtida

Ragnhild Hutchison har fleire råd til dei musea som er opptekne av at digital utvikling er dyrt og lite bærekraftig.

– Eg trur det er viktig å drive prosjekta framover på ein måte som bygger vidare på kvarandre. Det er lettare å be om 40 000 kroner til eit mindre prosjekt å starte med, for så å bygge vidare i neste runde med nye prosjektmiddel. På den måten er ein også meir fleksibel til å følge med på utviklinga i teknologien, det går jo så fort at ein ikkje heilt veit kva ein driv med før ein er der,  seier ho.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr 3-2018). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år)



Join the Conversation