Det vanskelegaste gjenstår

LEIAR: I denne utgåva kan du lese om massedigitalisering. Om Naturhistorisk museum i Oslo som har sendt lavherbariet sitt til Nederland for massedigitalisering, og om Musea i Akershus som no prøver ut digitaliseringsfabrikken til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

bilde av museale kister på hyller i museumsmagasin

(Sjå artiklane Massedigitalisering av lav og Massedigitalisering i Mo i Rana er i gang)

Annonse

Sistnemnde er ledd i Kulturdepartementet (KUD) si satsing på å få opp farten på digitaliseringa av papir- og fotoarkiva til musea og Arkivverket. Dette er veldig flott, og på tide. Det same er innsatsen ein i same andedrag legg i det sårbare audiovisuelle materialet som mange museum sit på. Dette er lyd- og biletopptak som kan forvitre og bli øydelagt ganske fort, om ein ikkje finn ein trygg lagringsmetode.

Allereie i 2017 ga Riksrevisjonen klokkeklar beskjed om at det sto alt for dårleg til med digitaliseringa av kulturarven. Pengane og oppdraget som Kulturdepartementet i fjor ga Nasjonalbiblioteket, må ein sjå som eit svar på denne flengande statusrapporten.

Gjenstandssamlingane har ein nemlig ikkje kome opp med noka god løysing for, og vi ligg ikkje særleg bra an

Det er likevel langt att før nokon kan kvile på laurbæra. Gjenstandssamlingane har ein nemlig ikkje kome opp med noka god løysing for, og vi ligg ikkje særleg bra an. Ifølgje Kulturrådet sine framskrivingar vil det ta 45 år å kome ajour med registrering og digitalisering av dei kulturhistoriske gjenstandane til musea i det nasjonale museumsnettverket. Vidare vil det ta heile 61 år før dei er publisert og gjort tilgjengeleg. Dette føreset at ein held same fart som i dag.

I mellomtida vert hundretusenvis av gjenstandar liggjande i eit «digital mørkre», utanfor dei digitale systema som no har overtatt det meste av forvaltninga i norske museum. Dette gjer dei ekstra utfordrande å forvalte forsvarleg, skriv Kulturrådet som anslår at kvar tredje kulturhistoriske museumsgjenstand «er i fare».

Museumsmeldinga som skal kome tidleg neste år må derfor signalisere ei tydeleg satsing på å finne ei løysing for dette, både praktisk og økonomisk. Ho bør også ta innover seg at digitalisering av tredimensjonale gjenstandar, i ulik storleik og skjørhet, vil by på heilt andre praktiske utfordringar enn både foto, papirarkiv, audiovisuelt materiale og lavherbarium.


Artikkelen er henta frå papirutgåva av Museumsnytt (nr. 3/2020). Kontakt redaksjonen for abonnement (kr. 300,- pr år).



Join the Conversation