Arkivverket har offentliggjort folketellinga for 1920

På dagen 100 år etter at folketellinga blei gjennomført, 1. desember, blei den no tilgjengeleg for folk flest. Folketellinga inneheld informasjon om alle som budde i Norge på den datoen i 1920. No jobbar rundt 650 frivillige med å transkribere og gjere alt materialet søkbart, eit arbeid som skal være ferdig i løpet av mars.