FRÅ TYRKIA TIL HELLAS: Majed Ahmad Abo Alkhir vart redda opp frå ein gummibåt på veg frå Tyrkia til Hellas. Etter å ha kome til Noreg oppdaga han si eiga redning i videoen som visast på Maritimt Museum. Foto: Maria Pile Svåsand

Såg seg sjølv på museum

På museumsbesøk med norskklassen såg Majed Ahmad Abo Alkhir plutselig seg sjølv i videoen om flyktningar som vert redda i Middelhavet.

– Eg får hjartebank når eg ser det no også.

Det var på Norsk Maritimt Museum Majed oppdaga at flukthistoria hans også er historia til Redningsselskapet og ein lang norsk sjøredningstradisjon.

Majed Ahmad Abo Alkhir står i utstillinga «Ingen skal drukne» på museet på Bygdøy i Oslo. Framfor han ligg ein grå gummibåt med delvis kollapsa luftputer rundt, fylt med nesten 50 redningsvestar. På veggen bak rullar ein film, med opptak frå redningsaksjonar der Redningsselskapet har berga båtflyktningar utanfor Hellas.

PLASS TIL 50: Gummibåten som er utstilt i Norsk Maritimt Museum har frakta nesten 50 flyktningar til havs i Middelhavet. Prisen for å få ein plass i den usikre båten ligg på mellom 15 og 20 000 kroner. Foto: Maria Pile Svåsand
PLASS TIL 50: Gummibåten som er utstilt i Norsk Maritimt Museum har frakta nesten 50 flyktningar til havs i Middelhavet. Prisen for å få ein plass i den usikre båten ligg på mellom 15 og 20 000 kroner. Foto: Maria Pile Svåsand

Gummibåten er ein av dei som har vore brukt til å krysse havet mellom Tyrkia og Hellas. Nesten 50 personar sat om bord i den, sjølv om den nok er berekna på under ti.

Ein kan ofte kjenne seg att i ei museumsutstilling, kanskje har ein hatt same gjenstand eller vore på same stad. Abo Alkhir såg båten som likna den han sjølv tok over Middelhavet og redningsvestar lik den han sjølv hadde på seg. Men for han var ikkje opplevinga ei påminning, den vart bokstaveleg. For i videoen som vert vist på veggen bak gummibåten, såg han plutseleg seg sjølv blant flyktningane som vart redda opp av Redningsselskapet. Utstillinga fortalte ikkje berre ei historie som hans, det er hans historie. Ei han sjølv ikkje kjente heile utstrekkinga til.

– Eg visste ikkje at redningsmennene mine var norske før eg såg dette. Det var nordmenn som redda meg på vegen hit, og det er i Noreg eg har fått eit nytt liv, seier han.

EIN DEL AV NORSK SJØREDNINGSHISTORIE

Redningsselskapet har vore til stades i Middelhavet dei siste to åra, med redningsskøyta «Peter Henry von Koss». Dei bidrar i Frontex-aksjonen Poseidon, og er med å lindre nauda blant flyktningane som risikerer livet ved å legge ut på havet i båtar og med utstyr som ikkje toler det. «Peter Henry von Koss» har vore med og redda over 29 000 flyktningar opp av havet. Ein av dei er Abo Alkhir.

Etter å ha sitte om bord i ein liten gummibåt ein heil dag saman med neste 50 andre menneske, vart han redda om bord i ei redningsskøyte og ført i land i Hellas. Syraren kjente ikkje att språket til redningsmennene sine den gong, hugsar berre den raude logoen og kjensla av at skøyta var fridom. Frå Hellas tok han seg til Noreg via menneskesmuglarar, og tilfeldigheitene ville ha det til at han ei stund seinare var på Norsk Maritimt Museum med norskopplæringsklassen sin og oppdaga seg sjølv i utstillinga.

– Eg har mist mange vener i Middelhavet, seier Abo Alkhir.

KAN VERE TRAUMATISK

Det er det mange som har blant flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar i Noreg. For nokre er båten i utstillinga vanskeleg.

– Me har hatt grupper som ikkje har gått opp for å sjå den, og me har menneske som reagerer sterkt på å sjå filmen og båten, seier formidlingsansvarlig på museet, Heidi Thöni Sletten.

LÆRERIKT: Formidlingsansvarleg på Norsk Maritimt Museum, Heidi Thöni Sletten, seier museet har lært mykje av å verte kjent med ein av dei som har si eiga historie i utstillinga deira. Foto: Maria Pile Svåsand
LÆRERIKT: Formidlingsansvarleg på Norsk Maritimt Museum, Heidi Thöni Sletten, seier museet har lært mykje av å verte kjent med ein av dei som har si eiga historie i utstillinga deira. Foto: Maria Pile Svåsand

Ho gløymer ikkje den dagen Abo Alkhir var på besøk og såg seg sjølv på lerretet ved gummibåten.

– Eg vert på gråten berre av å tenke på det, fortel ho. Ho tok imot då han og norsklæraren kom springande og fortalte at det var han som sat midt i båten og løfta eit barn opp mot redningsmennene på redningsskøyta. Etterpå har historia blitt ein del av omvisinga hennar, og for mange vert historia sterk å høyre.

– Det er mange som gret når dei høyrer om Majed og hans oppleving. Å kunne fortelje at ein av dei me ser om bord i båten er i Noreg og har klart seg bra, gir ein heilt ny dimensjon til utstillinga og framstillinga av det arbeidet Redningsselskapet gjer, seier ho.

KONTAKTA PSYKOLOG

Å fokusere på dei personlege historiene kan gjere formidlinga meir aktuell og meir relevant for folk flest, meiner Sletten. Opplevinga med Abo Alkhir har gjort museet enda meir medvite på akkurat det.

Eg har mist mange vener i Middelhavet

– Det har minna oss på kor viktig den personlege historia er for å få folk til å relatere til ei utstilling og ei historie. Det er kanskje ikkje dei verkemidla kulturhistoriske museum har brukt mest dei siste åra, men det prøver me no å endre på, seier Sletten.

Men å sjå ein båt liknande den ein sjølv kom over havet med, eller å sjå nokre av dei bitte små redningsvestane, slike som born ein sjølv kjente kanskje hadde på seg då dei forsvann i bølgene i Middelhavet, kan for nokre verte for sterkt.

– Me har vore i kontakt med ein psykolog for å få råd om korleis me kan ta best mogleg vare på folk dersom dei opplever det traumatisk eller vanskeleg å verte minna på vanskelege historier frå sitt eige liv.

Sletten seier det viktigaste truleg er å informere og å vere bevisst på kva effekt nokre ting kan ha. Og å gje folk moglegheit til å vere litt i beredskap før dei kjem inn i utstillingane.

– Av og til må ein kanskje åtvare litt, så folk veit at det kan kome ein sterk kjenslemessig reaksjon, for det kan skje.

VIKTIG Å VISE LIKEVEL

Det gjeld utstillinga med flyktningbåten, men også til dømes utstillinga me no har om sjøfolka som vart torpederte under fyrste verdskrigen. Om ein har opplevd krig, kan det verte vanskeleg å oppleve ei slik utstilling.

– Men dei syns det er fint og bra at det vert vist fram, til tross for at det kan vere vanskeleg for

KJENNER FLEIRE: Majed Ahmad Abo Alkhir var ein av flyktningane på veg over Middelhavet, redda av Redningsselskapet. På filmen ser han fleire han kjenner, mellom anna ein familie som i dag bur i Tyskland. Her tek han bilete for å sende til dei. Foto: Maria Pile Svåsand
KJENNER FLEIRE: Majed Ahmad Abo Alkhir var ein av flyktningane på veg over Middelhavet, redda av Redningsselskapet. På filmen ser han fleire han kjenner, mellom anna ein familie som i dag bur i Tyskland. Her tek han bilete for å sende til dei. Foto: Maria Pile Svåsand

dei personleg, seier Sletten.

Det er Abo Alkhir heilt einig i.

– Det er vondt å sjå på, og eg kjenner det godt i magen. Samstundes er eg veldig glad for at båten står her, og at alle kan sjå korleis det er i Middelhavet no, seier han.

At ei utstilling om Redningsselskapet kan verte så aktuell som denne, og får eit så menneskeleg aspekt gjennom historia til Majed, meiner Sletten er med på å vise at kulturhistoriske museum har meir å by på enn gamle gjenstandar. Utstillinga om Redningsselskapet viser korleis organisasjonen vart starta for å minke talet på menn som drukna i Nord-Noreg for 125 år sidan. Nordmenn er blant dei beste i verda på sjøredning, og det vert uhyre aktuelt når me i dag ser kva som skjer i Middelhavet.

Det er noko Abo Alkhir er takksam for. Når han ser båten i utstillinga på Bygdøy i dag, fortel han at alt kjem tilbake.

NORSK STATSBORGAR: Meldinga frå UDI kom nyleg. Foto: Maria Pile Svåsand
NORSK STATSBORGAR: Meldinga frå UDI kom nyleg. Foto: Maria Pile Svåsand

– Det er som å vere der att. Og det er vondt og vanskeleg, men eg er takksam, og eg er glad for at alle kan sjå dette, det er ei viktig historie å fortelje.

Det er mange som ikkje er så heldige som Abo Alkhir, mange av dei kjente han. Og det er også ei viktig historie å hugse på.


Join the Conversation