Museale museumsmyter

Midt i innspurten med dette bladet, rakk eg å få med meg to tekstar i rikspressa som provoserte meg. Først ut var kulturkommentator Agnes Moxnes i NRK Ytring med ei skildring av støvete, trøytte museum som ikkje evner å ta innover seg unge folks digitale behov.

PÅ MUSEUM: Høyrer skriveriene til Moxnes og Larsen heime på museum? Denne IBM-skrivemaskina frå 1971 er funne på digitaltmuseum.no (inventarnr. FTT.51508). FOTO: SVERRESBORG TRØNDELAG FOLKEMUSEUM.

Vetle Lid Larsen kom etter i A-magasinet nokre dagar etterpå, med vendingar som «museal hengemyr» og «tusenårsdvale».

KORLEIS SKAL EIN STILLE SEG TIL SLIKT?

Som ein første reaksjon kan ein jo alltids bli krenkt. Men det er som kjent ikkje vidare konstruktivt på sikt. Alternativt kan ein le av det og avfeie det med «dei har ikkje peiling». Samtidig bringer heller ikkje det oss noko vidare. Det er eit spørsmål som pressar seg fram: Korleis kan det ha seg at dei skriv desse tinga?

Moxnes og Larsen skriv tekstar som stadfestar all verdas museale myter

ER DET FORDI DET ER SANT?

Neppe. Rett nok finst det «trøytte museum», og det er ikkje så mykje konkret i desse tekstane det utan vidare går an å avfeie som «usant». Men museumsfolk og aktive museumsbrukarar veit at dette bildet ikkje er riktig. Dei veit at det skjer ein masse i norske museum, både i utstillingar og anna formidling. For eksempel kan dei «digitale hovuda» som Moxnes meiner ikkje vil finne det dei treng på norske museum, lett finne det dei ser etter på mange norske museum.

KVIFOR KJENNER IKKJE MOXNES OG LARSEN TIL DETTE?

I staden for å legge merke til det entusiastiske fornyingsarbeidet ved norske museum, skriv Moksnes og Larsen tekstar som stadfestar all verdas museale myter overfor den delen av befolkninga som les kulturstoff i dagspressa. Eg trur ikkje dei ville ha skrive slike tekstar om dei hadde kjent til denne museumsaktiviteten. Dette er to skribentar som openbert ønsker noko av musea, som vil noko for musea, og som berre går ut frå at tilstanden er slik dei skildrar han. Korleis kan museas fornyingsarbeid ha gått dei hus forbi? Det første museumsfolk no bør gjere er å invitere Moxnes og Larsen på besøk, og sjå til at dei får greie på kva musea driv med. Nokon burde også sette seg ned og undersøke om musea rett og slett slit med eit ganske omfattande omdømmeproblem, og dermed også ei kommunikasjonsutfordring. Om musea erkjenner desse utfordringane, er det gode høve til å gjere noko med dei.

Leiar i Museumsnytt nr. 2/2017


Join the Conversation